Beata gjev avslappende og terapeutisk behandling ,Sergiy har 20 års erfaring med balinesisk,djup og sportsmassasje,Justyna-Head SPA terapeut
Velkomen til LilleUnivers – ein stad der tida saknar stega. Her møtest ro og natur i ei harmonisk omfamning. Du finn lindring for både kropp og sinn, og kan ta med deg heim naturlege kroppspleieprodukt som gjer godt lenge etter besøket. Dette er ein stad skapt av kjærleik til arbeidet med menneske – eit rom for deg som treng eit pust i kvardagen, eller som vil lette på stresset livet bringer. I LilleUnivers finn alle noko for seg sjølve. Lat oss møtast, og saman skape augneblinkar av ro😇 VI sess på LilleUnivers
Velkomen til LilleUnivers Spa & velvære. Her kan du gje slepp på kvardagen og finne roen i eit lunt og harmonisk rom. Lat deg bli omslutta av stilla, medan du tek vare på kropp og sinn gjennom våre avslappande og fornyande behandlingar. Eit univers der tida går sakte. Du kan nyte roen åleine i stillheit eller saman med ei gruppe med vener. Vi tilbyr eit breitt utval av behandlingar og tenester, og hos oss kan du også nyte tyrkisk bad, badstove, jacuzzi og ein lun lounge med peis, roleg musikk, kaffi og te.
I butikken min finn du naturlege kvalitetsprodukt – soyalys, krystallar, eteriske oljer i terapeutisk kvalitet, bivokslys, te og tilbehør for brygging. Kropps- og hårpleieprodukta er heilt naturlege og passar sjølv den mest sensitive og krevjande huda. Her kan du òg kjøpe massasjeoljer, parfyme og vakre pyntegjenstandar til heimen – eller til deg sjølv – og mykje meir. Eg er Her for Deg😇


Beata er ein varm og empatisk terapeut som tilbyr terapeutisk massasje, med fokus på avslapping, velvære og ei god oppleving. Ho tilbyr òg profesjonelle ansikts- og kroppsbehandlingar med Thalgo og Norel, samt HydraFacial, Endospheres og raudlysterapi. Alle behandlingane blir tilpassa individuelt etter dine behov og ønskje.

Sergiy er ein varm og empatisk massør med over 20 års erfaring. Han tilbyr avslappande massasje, lymfedrenasje og djupvevsmassasje. Med roleg tilnærming og lang erfaring legg han vekt på å tilpasse behandlinga til kvar enkelt, slik at du kan kjenne deg trygg og godt ivaretatt.